Frå kulturhistorisk veibok, Isdal: "Den trondhjemske postvei, frå 1700-talet, den av dei gamle postvegane ut frå Bergen som i dag er i best stand, går over Munkebotn, Eidsvågfjellet og Rolland og fram til Tellevik ved Hordvik. Her vart posten rodd over fjorden til Isdalstø. Frå Isdalstø var det kjøreveg nordover framom Seim og Neset."I 1936 kom ferga til Isdalstø, Isdalgardane har sjørettar i Isdalstø, dei hadde fleire nøst som blei reve til fordel for ferga. "Isdalstø var eit pulserande kystmiljø med gjestgjevarstad og handel, meieri og garveri. Garveribygningen frå 1917 var i bruk heilt fram til 1970-talet-ei gammal næring i desse bygdene. I 1960-åra kom det ny riksveg og ferjeleie i Knarvik. Då kom Isdalstø i bakevja, men her kan det no verta ny verksemd med kystkultursenter."
Fortelling frå kulturnett.no om postvegen frå Bergen til Trondheim:
http://tjenester.kulturnett.no/quiz/playgallery.php?quizID=532
Postgarden Isdal, øvste huset i tunet. Frå 1.desember 1785 var Peder Michelsen postbonde på Isdal. Posten flytta til Isdalstø i 1960. Michelsens sønn, Baste Pedersen, gikk av som postbonde den 3.april 1866, 73 år gammel. (Baste Pedersen sitt tipp, tipp, tipp oldebarn bur i posthuset i dag, han heiter og Baste). I 1969 flytta posten til Knarvik Senter, I dag er posten flytta tilbake til Isdalstø, men det er lite truleg at det blir snakk om å bli postbonde igjen, men kem veit, kanskje det kan bli ei grei attåtnæring å være landpostbud for ein framtidig Bastebonde.
Posten låg på nordre lemmen på postgarden , og det blei sagt at Peder Michelsen satte opp eit jerngitter i vinduet som vern mot at røvarar som Gjest Baardsen skulle bryte seg inn og stjele verdipost.
.......... og anno 2009. Vogna er den samme, men vegen er øydelagt.
Både hestar, menneskje og bilar kvir seg til å ta turen ut på dei harde og humpete fresemassane. Vi håper alle det kjem ei endring snarast.
Frå boka: Postvegane i Hordaland, utgitt av statens vegvesen og fylkeskonservatoren i Hordaland. " Frå Isdalstø gjekk posten om postgarden Isdal til Seim og søre Nese postgard.", " Frå Isdal til Seim er nokre korte parsellar att av gamlevegen ved Isdaltjønna. ", " Postgarden Isdal er eit stilreint og vakkert gardstun (rekkjetun)."
2009 er kulturminneåret, og Hordaland fylkeskommune har valt postvegane som særskilt satsningsfelt. Bergen, Kvinnherad og Voss har vald å gjere det samme og skipar til markeringar av postvegane sine.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar