fredag 31. juli 2009
Gamleskulen
Omgangskolen var den vanlige skoleformen på landsbygda frem til 1860. I 1860 kom landskolelov i Norge. På grensa mellom Isdal og Gjervik ligg gamleskulen ( bygget i 1892-93). Fram til ca 1890 ble det bygget 2600 skolehus i rundt om i bygde-Norge. Skulen blei plassert midt imellom for at vegen skulle vere like lang for ungane frå Gjervik, Åse, Nepstad og Isdal. "Skolestua lå gjerne sentralt plassert i bygda i nær kontakt med skog og mark, uten kjønnsdlete skolegårder og høye inngjerdinger mot omverdenen" ( Hodne 1999:209). Skulen blei lagt ned i 1948, og kretsen delt. Borna frå Isdal og Aase fekk undervisning i Annahuset i Isdalstø og barna frå Gjervik og Nepstad fekk undervisning på bedehuset i Gjervik. I 1962 kom Isdal-Gjervik barneskule i Knarvik ( no Knarvik Barneskule). I dag kan ein gå frå Idrettsbana i Knarvik eller følgje den gamle skulestien frå Isdal eller Gjervik og komme opp til Gamleskulen og sjå grunnane der skulen sto.
Etiketter:
bygninger i utmarka,
Historie,
Klyngetun i pressområde
Stølen og andre hus i utmarka
Stølen
Stølen på Isdal ligg ikkje langt frå tunet. På stølen står det to uteløer/steinhus. Desse ligg murt saman med steingarden som lagar skilje mellom innmark og utmark. Innmarka på Isdal er delt, mens utmarka framleis er felles. Den felles utmarka går over fjellet mot Knarvik, Åse og Gjervik. Om ein følgjer steingarden nordover frå stølen finn ein enda to uteløer, som ligg murt inn i steingarden. Størstedelen av utmarka til Isdal var i Knarvik, no regionsenter i Nordhordaland. Tenestejenter og gutar gikk gjerne inn til Juvikstølen i Knarvik for å melke kyr og sjå etter sauer, nokre rodde til Litlevika for å melke. I Knarvik fann dei og finkorna kvit sand til å skure med.(kilde: Anna Aase, f.Isdal) Framleis finn vi sand i stoveveggar på tømmerhus på Isdal.
Uteløe på gamlestølen
Løa har pr 2017 fått nytt tak og er i god stand.
Løa har pr 2017 fått nytt tak og er i god stand.
Uteløe nord for stølen.
Torvhus
Det var ikkje skog til ved i utmarka, derfor blei torv brukt som brensel. Pga alle brannane i Bergen blei områda rundt tidlig tom for tømmer, og dyr som beita i utmarka holdt vegetasjonen nede. I myrområdet sør for Langevatnet ligg fleire grunner etter torvhus som hørte til Isdal og Åse. Folket på Isdal henta torv i marka der, tørka den og lagra den i fleire steinhus. Husa manglar i dag tak, men er ellers i god stand. Om ein følgjer stien under høgspentlinja frå Isdal opp mot høgdebassenget finn ein eit anna liknande hus som og antagelig har vore brukt som torvhus. Det var vanleg å hente torv og i Knarvik.
Peder Basteson Isdal henter torv fra torvhuset på Åse.
Milhuset
Før i tida fantes det ingen institusjonar for psykisk eller fysisk utviklingshemma menneskje, og det var vanleg at dei tente på gardane. Ein mann jobba på garden Isdal og hadde jobb med å føre kyrne over fjellet og ned i dalen. På vegen opp bygde han seg eit lite steinhus kor han kunne ete nista si og koke seg kaffi. Min far's gamle tante Anna fortalde om han: " han hette Emil og derfor kalla vi huset Milhuset. Eg pleide å leike der når eg var liten. Men då var det og lenge siden Emil levde." Huset har to rom. Ein kan tenkje seg at Emil gjerne sov her ein gong iblandt og, kanskje han trengte litt tid for seg sjølv.
Milhuset i fjellsida, et rom og kjøkken!
Postgard og skyssstasjon
Frå kulturhistorisk veibok, Isdal: "Den trondhjemske postvei, frå 1700-talet, den av dei gamle postvegane ut frå Bergen som i dag er i best stand, går over Munkebotn, Eidsvågfjellet og Rolland og fram til Tellevik ved Hordvik. Her vart posten rodd over fjorden til Isdalstø. Frå Isdalstø var det kjøreveg nordover framom Seim og Neset."I 1936 kom ferga til Isdalstø, Isdalgardane har sjørettar i Isdalstø, dei hadde fleire nøst som blei reve til fordel for ferga. "Isdalstø var eit pulserande kystmiljø med gjestgjevarstad og handel, meieri og garveri. Garveribygningen frå 1917 var i bruk heilt fram til 1970-talet-ei gammal næring i desse bygdene. I 1960-åra kom det ny riksveg og ferjeleie i Knarvik. Då kom Isdalstø i bakevja, men her kan det no verta ny verksemd med kystkultursenter."
Fortelling frå kulturnett.no om postvegen frå Bergen til Trondheim:
http://tjenester.kulturnett.no/quiz/playgallery.php?quizID=532
Postgarden Isdal, øvste huset i tunet. Frå 1.desember 1785 var Peder Michelsen postbonde på Isdal. Posten flytta til Isdalstø i 1960. Michelsens sønn, Baste Pedersen, gikk av som postbonde den 3.april 1866, 73 år gammel. (Baste Pedersen sitt tipp, tipp, tipp oldebarn bur i posthuset i dag, han heiter og Baste). I 1969 flytta posten til Knarvik Senter, I dag er posten flytta tilbake til Isdalstø, men det er lite truleg at det blir snakk om å bli postbonde igjen, men kem veit, kanskje det kan bli ei grei attåtnæring å være landpostbud for ein framtidig Bastebonde.
Posten låg på nordre lemmen på postgarden , og det blei sagt at Peder Michelsen satte opp eit jerngitter i vinduet som vern mot at røvarar som Gjest Baardsen skulle bryte seg inn og stjele verdipost.
.......... og anno 2009. Vogna er den samme, men vegen er øydelagt.
Både hestar, menneskje og bilar kvir seg til å ta turen ut på dei harde og humpete fresemassane. Vi håper alle det kjem ei endring snarast.
Frå boka: Postvegane i Hordaland, utgitt av statens vegvesen og fylkeskonservatoren i Hordaland. " Frå Isdalstø gjekk posten om postgarden Isdal til Seim og søre Nese postgard.", " Frå Isdal til Seim er nokre korte parsellar att av gamlevegen ved Isdaltjønna. ", " Postgarden Isdal er eit stilreint og vakkert gardstun (rekkjetun)."
2009 er kulturminneåret, og Hordaland fylkeskommune har valt postvegane som særskilt satsningsfelt. Bergen, Kvinnherad og Voss har vald å gjere det samme og skipar til markeringar av postvegane sine.
Klyngetunet
Kulturhistorisk veibok, Isdal
"Isdal er eit av dei få klyngetuna som ligg att i Hordalandsbygdene, etter at dei store utskiftningane kring hundreårskiftet løyste opp fellestunet og den gamle teigblandinga. Dei lange, låge lemstovene ligg i eit tett tun, som merkjer seg ut i landskapet når du reiser riksvegen nordover frå Knarvik. ""Garden Isdal er omtalt i skriftlige kjelder alt tidleg på 1500-talet, men oppdelinga av garden i mindre bruk, og med mange brukarar i tunet, høyrer seinare hundreår til. Garden høyrde truleg innunder kongsgarden på Seim i mellomalderen. Seimsgardane hadde heilt opp til vår tid nausta sine i Isdalstø. På Isdal var det og postgard og skysskifte, sjølve skysstasjonen var i Isdalstø. "
" Lemstovene på Isdal er vedlikehaldne med omhug av eigarane, og mange av dei historiske kvalitetane i tunet er tekne vare på."
" Tunet er ikkje freda, men har høg status som verneverdig kulturminne"
Dette står å lese i kulturhistorisk veibok, men likevel er det ingenting å finne om Isdal på kulturnett.no og andre stader eg har leita etter offentlig historie om Isdal er det ikkje mykje å finne. Kanskje det er på tide å endre på det, om vi skal ta vare på kulturhistoria vår og Isdaltunet.Garden er full av historie og kulturminne.
Knarvik si historie er å finne på Isdal og i Gjervik. Om regionsenteret Knarvik er intressert i historia si må dei leite her. Et museumshus hadde vore kjekt å besøke i begge desse bygdene.
Det finns mykje fantastisk murararbeid på Isdal.
Jordkjellar!
Kvernhus
Kvernhus på samme størrelse i Marokko 2005, framleis i bruk! Når det ikkje er nok vatn i elva blir steinane dreven av dette muldyret som går rundt på ein hestevandring. Slike hestevandringar var det og mange av i Isdaltunet.
Denne åpne plassen har navnet hestevandringen. Her gjekk ein hest som dreiv barkekassane i garveriet som låg der som garagen ligg no.
Marokko -05
Inne er det så støvete at det nesten er uråd å sjå kvernsteinane. Kvinnene som jobba her denne dagen var dekt av kvitt mjøl. Kanskje var det slik det såg ut i kvernhuset på Isdal og i si tid.
Det tradisjonelle bygdesamfunnet
Fra boka Vestlandets historie, samfunn: "På osterøy, nokre mil aust for Bergen ligg garden Havrå. Eit klyngetun, som var eit vanleg syn på 1800-talet." "I dag er det berre Havrå og eit par andre att." "Havrå vert drive på gamalt vis av stiftinga Havråtunet." "På ein vestlandsgard som Havrå var det i gamle tider bruk for mange arbeidshender. Arbeidet var tungt og enno ikkje mekanisert. Åkrane var spadde for hand, graset slege med ljå, kornet treska med handtust. Vatn skulle berast i hus, kyr skulle mjølkast, sauer skulle klippast, ulla skulle kardast, spinnast og vevast, og stovene skulle vaskast til helga. Det skulle hentast ved og takast torv, og gjerdene skulle haldast vedlike. For å rekkja over alle arbeidsoppgåvene trongst det arbeidskraft."
Huslyden trong ekstra arbeidskraft, kårfolket var med og hjalp til, men når borna var små var det gjerne bruk for ei tenestegjente for å ta i eit tak med kvinnfolkarbeid.
Familie på Isdal med kårfolk og tenestejente.
Isdal, høyonn, årstall ikkje kjent
"Tunet på Havrå står i dag mykje slik det gjorde frå slutten av 1800-talet og inn på 1900-talet. Det gjer ikkje dei fleste andre vestlandske klyngetuna. I andre halvdel av 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet fekk kvart bruk si innmark samla på ein stad. Husa vart flytta ut frå tunet og inn på ny tomt i den tildelte innmarka. Desse utskiftningane av innmark og tun snudde opp ned på dei mangbølte vestnorske gardane. "
"Nokre få stadar slik som Aga i ullensvang og Isdal i Lindås stod det samansette gardstunet att etter at innmarka vart delt på nytt. "
Aktiviteter på postgarden i dag:
Konsulent for jordbruk/miljø og lokal kontakt for verdensarvutredningen i Vestvågøy kommune i Lofoten lærer om permakultur på Isdal, hvor medlem i Bergen økologiske landsby Kristian Flo har et lite forsøksfelt. Les om BØL på: www.bergenokologiskelandsby.no
Langbogeskyting frå vikingetid. Kay underviser elever på rideleir.
For meir info om kurs i langbogeskyting gå til: www.frivannsliv.no
Karen Isdal underviser danseinstruktør og koreograf Mazen Kiwan fra Paris.
Trening av hest og rytter, sjå meir på: www.hestekaren.com
Grønn omsorg:
Hestekaren driv og med Grøn omsorg og har i mange år tatt imot elevar frå Leknes barneskule, nokre av dei har særskilte behov og har hatt stor nytte av rideterapien som tilbys. Ei av dei som har fått hjelp av Karen blei rasande når ho hørte at dei ville asfaltera vegen som med anna blir brukt under terapitreninga. Ho fekk hjelp til å komme seg ut av rullestolen ved hjelp av hest og kunne til slutt ri heilt på eiga hand. Etter lang trening på flat veg kunne ho ri på fjellet med hesten, og fekk fleire utfordrande og fine turar saman med skulen.
Hønsenytt:"I avisa Strilen kunne ein denne sumaren lese: Isdal ønskjer ikkje gammal kjerreveg, 30 personar har skreve under på eit ønskje om å få asfalt." "Karen og hønene hennar står aleine om å ville ha ein hesteveg gjennom grenda"" Hestane har ikkje godt av å gå på asfaltunderlaget"
Karen:" Kva seier hønene til desse påstandane?"
Hønene:"klukk, klukk, klukk!"
Karen:" Vil du hanefar ha hesteveg gjennom grenda?"
Hanefar:" Kykkeliky!!!"
Etter at dette var å lese i avisa vart det interesse for å lage ei liste for dei som vil behalde særpreget i Isdaltunet og behalde grusvegen. På eit par dagar vart det samla inn 119 underskrifter.
Hønene har enno ikkje signert.
Abonner på:
Innlegg (Atom)