onsdag 26. august 2009

Det blir bevaring av grusveg

Plan og miljøutvalet i Lindås kommune gjorde i dag vedtak om å bevara grusvegen gjennom tunet. Det blei argumentert med at Isdal er eit viktig kulturminne for Lindås kommune og at det er ønskje om å bevara tunet og området rundt slik at det får stå i fred. Det kom og fram at kommunen tidlegare har tatt omsyn til å verna tunet estetisk sett, ved at dei har gjort vedtak om at det ikkje skal koma bebygging som er synleg ifrå tunet. Dei som arbeider for å bevara Isdaltunet sender ein stor takk til medlemmene i plan og miljøutvalet.

Pr 3/2017 er asfalten framleis ikkje fjerna.

tirsdag 18. august 2009

Isdaltunet, bevaring av kulturminne eller ikkje?


Isdal er eit av dei best bevarte kulturminna vi har. Både som klyngetun, postveg og kulturlandskap. Isdal har lang historie som buplass. Her er gjort funn frå vikingetida(historisk museum) og steinalder, det tyder på at her har vore busetnad i minst 6000 år. Isdal er nemd som verneverdig område i fleire bøker (sjå seinere i bloggen), oppgåver og avhandlingar.
Bjørg Lien Hansen skrev i 1992 sin hovedfagsoppgave: Kulturlandskap og arealbruksendringar, ein studie i Lindås kommune. oppgåva handler om Isdal - eit klyngetun i eit pressområde. Oppgava er meint brukt som ei veiledning for kommunen i saker angående Isdal, for å kunne sette seg inn i kva som finns her av verdiar. Problematikken som ho tek opp i er like aktuell i dag som i -92. Ho skriv med anna: " Slik klyngetunet ligg i dag, er det eit særsyn i Lindås, men det er og eit særsyn i landsmålestokk. Det finns i dag få slike klyngetun att rundt om på Vestlandet".
Lien skriv om Isdal som eit område med sjeldsynt kulturhistorisk verdi, pedagogisk verdi som historieforteljande kulturminne, og stor estetisk verdi. Ho snakka med folk som bur i området, ho seier at: "dei er klår over at dei har noko særskilt som dei må ta omsyn til, men at det er ikkje alltid like enkelt å ta slike omsyn når dei økonomiske tilhøva ikkje ligg til rette for det."
Det hender at busslaster med turistar køyrer innom tunet, arkitektstudenter bruker tunet til studier og riksantikvaren viser frem tunet, så det er tydelig at andre og er klår over at tunet er eit særsyn. Lien skriv vidare at: ".....verdien i dette særmerkte kultulandskapet må takast omsyn til ved planlegging om ein skal sikre dette området mot inngrep som uroar/øydelegg dette miljøet."
I 1980 ba kulturstyret og bygningsrådet om at kommunen løyvde 20.000,- kr til arbeid med ein verneplan. Det blei ikkje noko av.

Forfall og skader
I dag ser vi at berre etter 1992 har det skjedd skader på Isdal og tilhørande innmark og utmark. Gamleskulen blei brunne opp, den var i så dårlig stand at den var farlig for folk. Tak på gardflorar dett ned, steinmurar rasar saman. Gamle steinsette grøfter gir etter for tunge reiskaper. Delar av steinmurane blir til stadighet rasert av vegvesenet. Vi må sjøl vera politi og melde frå, men då er skaden ofte skjedd allereie. Utbygging og vegarbeid et seg lenger og lenger innover i innmark og utmark.

Gamal steinmur som har rasa saman!
Høge master går rett igjennom innmarka og stølen.
Stølen: Taket på denne uteløa er i ferd med å dette ned.
Taket på den andre ramla ned i vinter.
Kraftlaget skada dette gamle fine grantreet i vinter for å rydde plass til linjene sine.
Samtidig gjekk dei laus på gamle tre i andre delar av tunet. Vi må no få nokre retningslinjer på korleis offentlige myndigheter skal opptre i tunet slik at dei rydder etter seg og ikkje lagar sår i kulturlandskapet i og rundt tunet.

Dette er den eine mølla som er igjen i tunet. Den står framleis, men treng nødhjelp snarast!

Postvegen truga med asfaltering!
Pr dags dato står postvegen i fare for å verta asfaltert. Arbeidet starta allereie i 2008, men blei stoppa pga protestar og demonstrasjon mot asfalt frå nokre av bebuarane. Vegkontoret meinte dei hadde retten på si side. Men kven har rett? Har ikkje vi rett til å bli informert på førehand når kommunen planlegg endringar i eit verneverdig tun? Isdal er verneverdig, men ikkje verna, men det bør ikkje bety at ein kan gjere nett som ein vil, her er mange omsyn å ta! Kommunen lova at det ikkje kom meir asfalt. Berre ei veke etter kom likevel asfalten heilt opp i tunet. Avisa Nordhordland skreiv om begge tilhøva. Etter dette blei det skreve brev til ordføraren for å be om hjelp til å sjå verdiane i tunet, kopi blei sendt kommunestyre, vegsjef og kulturminnevernet i Hordaland. Hordaland fylkeskommune var den einaste som sendte svar.

Isdal felles tok saka opp på eit fellesmøte og ønskjer at grusvegen vert bevart gjennom tunet. Innbyggarane, med eit unntak, er intressert i å bevara særpreget i bygda. Dette var derfor ikkje eit einstemmig vedtak. Å ivertfall bevara grusvegen gjennom tunet er og rådet frå Hordaland fylkeskommune, som i kulturåret 2009 satsar spesielt på gamle postvegar.

I vår kom saka opp i plan og miljø komiteen, og dei vedtok å fjerne asfaltfresemassane og restaurere postvegen.
Det er kjekt å sjå at politikarane i plan og miljø engasjerer seg for å ta vare på verdien av Isdal som kulturminne (i tråd med anbefalinger frå fylkeskommunen) og faktisk er villig til å fjerne fresemassene som ble lagt på i -08.
Saka kjem opp igjen til vurdering 26 august-09.
Det er snakk om kultur og verdival! Men kanskje handlar det mest om å bli klar over historia si, og gjere litt ære på dei som var her før oss, og det dei har bygd opp. Ein kan lære mykje av det.
2009 er kulturminneåret. Hordaland fylkeskommune har valt postvegane som særskilt satsningsfelt. Bergen, Kvinnherad og Voss har vald å gjere det samme og skipar til markeringar av postvegane sine. Om Lindås vil gjere det samme stiller Hestekaren gjerne opp med hest og kjerre for å bidra til markeringa.

Restaurering og vedlikehald

Her er dei i full gang med restaurering av både bustadhus og løe.

Koselig innkjørsel til det gamle hovedtunet.

Godt vedlikehaldt bustadhus, med fine murar og tilbygg.


Dyrehald heldt beitelandskapet ope

Sauer på beite.
Sudmann , sler all inmark og held sauer på Isdal, og gjer ein fantastisk jobb med vedlikehald av jorda.



Kjersti Isdal laga i si tid særoppgåve om Isdal med stedsnavn som emne. Bjørg Lien Hansen har laga ei hovedfagsoppgåve om Isdal. Dette har vorte til gode bidrag for å ta vare på historia frå Isdal. I tillegg fins det ein del informasjon i bøker, blandt anna i Kulturhistorisk veibok, Vestlandets historie, Postvegane i Hordaland, Norske gardsbruk og Strilesoga.